facebook tracking

Rekneskapskonsulent

Ynskjer du å jobbe saman med dei beste innan rekneskap, og bli skikkelig god på lønn? Har du rekneskapserfaring, likar å jobbe med tall og har lett for å lære deg datasystem? Då skal du lese vidare:
Bla til innholdet

prog_logo_750.png

 

 

Progresso AS leverer tenester knytta til rekneskapsføring, lønskøyring, finansiell rapportering og bedriftsrådgivning. Selskapet har ei variert og interessant kundeportefølje frå heile landet, og denne består av både små bedrifter og større børsnoterte føretak. Vi held til i fine kontorlokaler på Horne Brygge, i Florø, med våre 10 tilsette. 

I løpet av 1. kvartal 2022 skal vi tilsette ein ny

REKNESKAPSKONSULENT

Vår nye medarbeider skal ta hand om ulike oppgåver innanfor selskapet sitt tenestespekter, og vil i stor grad ha arbeid med lønskøyring og rapportering relatert til løn.


Vi ser etter deg som har

  • Relevant utdanning innan økonomiske fag og rekneskapsføring. Erfaring frå tilsvarande arbeid vil bli vektlagt.
  • Autorisasjon som rekneskapsførar. Dette er ein fordel, men ikkje eit krav. Kandidatar som ynskjer å oppnå autorisasjon, vil kunne få støtte frå selskapet til å oppnå dette.
  • Evne til å strukturere arbeidet ditt, og stiller krav til deg sjølv på områdene orden og effektivitet.
  • Interesse for å halde oversikt over aktuelle lovreguleringar, tileigne deg god IT-kunnskap og har ei god sørvisinnstilling.


Som vår nye medarbeidar vil du komme inn i ei solid, lokalt forankra bedrift med godt arbeidsmiljø. Du vil få arbeide saman med flinke og hyggelege kollegaer og bidra til at våre kundar opplever Progresso AS som ein førsteklasses tenesteleverandør.

Selskapet har etablert IT-løysingar som ved behov gjer det mogeleg å utføre arbeidet frå heimekontor, og vi tilbyr konkurransedyktige lønsvilkår samt deltaking i selskapets bonusordning. 

 

Søknadfrist 15 November.

Vil du vere med på laget? Vi ser fram til å høyre fra deg. For meir informasjon om stillinga kontakt vår rådgiver i Adecco Select, Nina Liseth:  9515 2023  |  nina.liseth@adecco.no

Ytterligere informasjon

  • Ekstern status

    Fleksibelt eksternt

Eller kjenner du noen som ville passe enda bedre? Gi dem beskjed!

Florø

Magnus Thingnesgate 1
6900 Florø Veibeskrivelse Vis side

Jobber du allerede i Adecco Select?

Bli med oss i rekrutteringen og finn din neste kollega.

email
@adecco.no
Teamtailor

Rekrutteringssystem fra Teamtailor